Sturmgeist vil vere med

av MR

Den norske poeten Cornelis Jakhelln har meldt artikkelsamlinga Performativ kritik. Konstens kunskap, kunskapens konst av Magnus William-Olsson (red.) i forrige Morgenbladet (16. august 2013).

Jakhelln presenterer FSL og går mest inn på William-Olssons bidrag. Han innvender generelt at fire av fem bidrag i boka ikkje viser performativ kritikk i praksis, men ser Gunilla Röörs artikkel som eit ”friskt utpust”. Det er likevel Mikael Nydahls artikkel om omsetjarpoetikk som har gjort sterkast inntrykk.

At lesaropplevinga har verka ansporande er det ingen tvil om, sidan meldinga sluttar slik:

Neofytter og innvidde, hører dere bjellenes ringlen i tempelet? Det finnes en litteraturkritisk orden for dere som i stillhet driver mellom diktning og tanke, mellom Majakovskij og Heidegger. Min kritikerparasitt Sturmgeist sender med dette sin søknad til det lukkede forbund.

Sturmgeist er altså Jakhellns alter ego, mest kjend som Black metal-vokalist og berykta for flørt, ev. ironisering med naziestetikken. Jakhelln har i vår hatt ein serie underhaldande poesilesingar i Morgonbladet kor han har tatt som utgangspunkt det han kallar ein ”darwinistisk litteraturkritikk” og omtalt seg sjølv i tredjeperson som ”den darwinistiske litteraturkritikerorganismen”.

Sjølv om uttrykket ”kritikerparasitt” kanskje viser at poeten Jakhelln har eit noko ambivalent syn på sin eigen kritikarpraksis, tilrår eg FSL å ta sjansen på opptak og sende ein invitasjon til neste arrangement.

Bokmeldinga ligg bak betalingsmur hos Morgenbladet, men dei første to avsnitta ser du her.

Annonser