Kritikerseminariet

Sturmgeist vil vere med

by MR

Den norske poeten Cornelis Jakhelln har meldt artikkelsamlinga Performativ kritik. Konstens kunskap, kunskapens konst av Magnus William-Olsson (red.) i forrige Morgenbladet (16. august 2013).

Jakhelln presenterer FSL og går mest inn på William-Olssons bidrag. Han innvender generelt at fire av fem bidrag i boka ikkje viser performativ kritikk i praksis, men ser Gunilla Röörs artikkel som eit ”friskt utpust”. Det er likevel Mikael Nydahls artikkel om omsetjarpoetikk som har gjort sterkast inntrykk.

At lesaropplevinga har verka ansporande er det ingen tvil om, sidan meldinga sluttar slik:

Neofytter og innvidde, hører dere bjellenes ringlen i tempelet? Det finnes en litteraturkritisk orden for dere som i stillhet driver mellom diktning og tanke, mellom Majakovskij og Heidegger. Min kritikerparasitt Sturmgeist sender med dette sin søknad til det lukkede forbund.

Sturmgeist er altså Jakhellns alter ego, mest kjend som Black metal-vokalist og berykta for flørt, ev. ironisering med naziestetikken. Jakhelln har i vår hatt ein serie underhaldande poesilesingar i Morgonbladet kor han har tatt som utgangspunkt det han kallar ein ”darwinistisk litteraturkritikk” og omtalt seg sjølv i tredjeperson som ”den darwinistiske litteraturkritikerorganismen”.

Sjølv om uttrykket ”kritikerparasitt” kanskje viser at poeten Jakhelln har eit noko ambivalent syn på sin eigen kritikarpraksis, tilrår eg FSL å ta sjansen på opptak og sende ein invitasjon til neste arrangement.

Bokmeldinga ligg bak betalingsmur hos Morgenbladet, men dei første to avsnitta ser du her.

Annonser

Debatt om kritikk og habilitet

by MR

I vår skreiv to av redaksjonmedlemmene i tidsskriftet Vagant, Bernhard Ellefsen og Sigurd Tenningen, ein leiarartikkel der dei ønska seg  ”generasjonsstrid” i det litterære feltet og enda opp med å etterlyse ”den inhabile, ikke-objektive og aktivistiske litteraturkritikken”. Dei retta kritikk mot habilitetskrava det norske Kritikerlaget har formulert i Kritikerplakaten, og underteikna svara difor i Vagant på vegne av Kritikerlaget.

Det opprinnelege utspelet samt mine to motinnlegg kan no lesast på nettet (lenker nedanfor), medan svaret Ellefsen og Tenningen gav på mitt første  motinnlegg diverre berre fins på papir. I tillegg har eg skrive eit blogginnlegg der eg oppsummerer tankane mine om kritikk og habilitet, også basert på inntrykk frå det norske Kulturrådets årskonferanse, kor temaet var ”Etter beste skjønn”, altså korleis offentlege utval vurderer kunstnerisk kvalitet (og høvet til politiske føringar) og, meir generelt, kva som påverkar slike skjønnsvurderingar. Eg merka meg ved at danning av tette kollektiv i kunst- og kulturfeltet såg ut til å vere ein trend for framtida, og spesielt det Carolyn Christov-Bakargiev (kunstnarleg leiar for dOCUMENTA(13) sa om at “commitment (…) assumes the place of quality”.

Lenker:

”Generasjonsstrid” og motinnlegga ”Tøyla stridslyst” og ”You can leave your hat on” kan lesast på Vagant.no

Ingress: ”I århundrer har generasjonsinterne oppgjør vært bestemmende for litteraturen. Hvor finner vi de stillingstagende kritikerne idag?”

Blogginnlegget ”Sterkast er den som står …” om kritikk og habilitet kan lesast på Kritisketilstander.wordpress.com

Ingress: ”Korleis ein vurderer normene om habilitet og objektivitet for kritikken handlar til sist om korleis ein definerer rolla som kritikar og kva ein vil kritikk skal vere; del av kunstfeltet eller eit akademisk tolkande blikk med vidare samfunnsperspektiv.”

Merete Røsvik Granlund

upplyst/upplöst

by MR

Anna-Lina Brunell i Hufvudstadsbladet har meldt den siste diktsamlinga til fsl’er Peter Mickwitz Som du gör dina cirklar runt detta utanför:

”Mickwitz fordrar både ansträngning och en viljelös öppenhet för dikten, och faktum är att jag som läsare alltid är beredd att ge den det. Precis som Mara Lee någonstans skriver om Ulf Karl Olov Nilssons poesi, så snubblar man i Mickwitz dikter alltid på ett hjärta.(…) I just denna diktsamling kommer det för mig att hänga ihop med ordparet upplyst/upplöst, som inleder boken som ett slags motto eller läsanvisning. Bilderna av något som lyses och löses upp är många fler än de jag beskrivit, och hör också samman med en förlust av förståelse. ”inte ett ord förstår jag / ju närmare ett ord jag kommer / desto längre isär glider bokstäverna / ju närmare jag kommer varje enskild bokstav / desto mera lyser ljuset bakom pixlarna igenom så / att jag till slut står inför enbart ljus.” Som om bara viljan att förstå försvårar själva förståelsen.”

Les heile bokmeldinga av Som du gör dina cirklar runt detta utanför

Norden leser Solstad

by MR

Her er nokre notat eg gjorde under paneldebatten Norden leser Solstad, som vart arrangert i samarbeid mellom Nordiska Seminariet, ved Gro Jørstad Nilsen, og Litteratursymposiet i Odda 12. oktober i haust.

Deltakarar i debatten var Peter Mickwitz frå Finland, Mai Misfeldt frå Danmark, Tor Eystein Øverås frå Norge og Dag Solstad sjølv. Ordstyrar var Gro Jørstad Nilsen.

Svensken, dansken og nordmannen om Knausgård

by MR

Les referat frå paneldebatten der kritikarar frå Sverige, Danmark og Norge fortalte om og diskuterte resepsjonen av Karl Ove Knausgårds verk Min kamp 1-6 i dei respektive landa:

Referat på sida til Norsk kritikerlag her